søndag 4. oktober 2009

Darwin debatt ved HSH Er evolusjons teorien bevist?


 

Onsdag kveld var det et foredrag på HSH der Jens Ådne R. Haga frå NRK programmet "I Darwins fotspor" viste lysbilde frå turen der han og 3 andre biologar reiste Sør-Amerika på kryss og tvers. Dei reiste for å oppleva noko av det som den britiske vitskapsmannen Charles Darwin gjorde på si reise for 170 år sidan.

Deretter var det ein Paneldebatt om evolusjon,
der Per Jerstad frå Møglstu vidaregåande skole og Geir Olav Toft frå NLA Lærarhøgskole hadde ein open debatt med Haga. Både Jerstad og Toft trudde på Gud, samstundes som dei trudde på ei evolusjons utvikling. Haga sa at han ikkje hadde trua på Gud, og motivasjonen hans for å driva forsking var å bevisa at evolusjonen var noko som berre har skjedd. Me som sat i salen fekk også koma med spørsmål, og me hadde ein fin debatt. Dessverre vart debatten forholdsvis kort. Og i etterkant sit eg igjen med nokre essensielle spørsmål i forhold til evolusjons teorien. Som student ved høgskulen vert me oppmoda til å stilla spørsmål og tenkje kritisk, difor spør eg følgjande spørsmål: For at ein hypotese skal verta kalla ein vitskapeleg teori må den kunna observerast og testas. Dersom observasjonar motseier teorien må den modifiserast.


 

I den samanheng er det interessant å høyra at det ennå ikkje er bevist at liv kan oppstå. Det er derimot 8 – 9 hypotesar om korleis det kan gå til, og ei tru på at mennesket i løpet av 10 til 100 år vil kunna skapa liv. Dette er uansett berre ei hypotese, og ikkje noko som ein kan framstilla som ein utprøvd teori. Så langt må eg sei at ein heller burde sagt at "vitskapen ikkje har bevist at liv kan oppstå", det er jo det som er realitetane så langt. Seier ein noko anna så er det trus basert, og ikkje vitskapelig.


 

Deretter har ein hypotesen om evolusjon. At det har vore ei form for utvikling innanfor artar er det ikkje noko spørsmål om, det som er spørsmålet, er om det kar vore ei utvikling frå ingenting, til død masse og vidare til enkle former for liv og deretter til kompliserte livsformer og til slutt til mennesket. Har ein funnet "the missing link" eller andre krystallklare bevis på overgangane frå eit stadie til neste i utviklings diagrammet? Det vert i enkelte skolebøker og andre stader framstilt som om denne teorien er bevist, men er den det? Boka "Evolution? The fossils say no" tek opp at fossil funn motbeviser evolusjons teorien. Blant anna er det funnet menneskebein som er eldre enn våre såkalla "ape forfedre". Det er også funnet menneske spor i saman med dinosaur spor i "krittsystemet "som skal være mellom 144 og 66 millionar år sidan. Eller Kjempe store feil ved dateringar ved hjelp av C14. Eit anna tema er jorda sin fart som gradvis vert mindre, men som hadde hatt ein umulig stor fart for mange milliardar år sidan dersom den skulle hatt ein jamn farts reduksjon frå starten. Eller sola som minkar ca 1 meter i året, og som ville ha brent opp jorda for lenge sidan dersom den hadde vore milliardar av år gammal og tilsvarande støre. Det finnes mange bøker med forfattarar frå mange land som tar for seg og argumenterer i mot evolusjons teorien. I Noreg har vi nettstaden www.origonorge.no og i Sverige www.matsmolen.se. Da eg spurte Jerstad om slike vitskapelige funn, så svara han at det me ikkje forstår får me leggja bort.


 

Eg forstår det slik at sidan fleirtalet av dei anerkjent vitskapsmenn vel å sjå bort i frå slike fakta, så er det ikkje politisk korrekt å stilla spørsmål ved dei. Men eg spør nå likevel.

Historisk sett kom Darwin med Evolusjons teorien, sjølv om han tok det som sjølvsagt at Gud starta evolusjons prosessen, Deretter kom "The big bang" teorien rundt 1920 talet og ein kunne fråskrive seg Gud som skapar og som kjelda til livet. Desse teoriane tok ateistar og andre sekulære til hjarta, og dei har deretter jobba iherdig for å spreie desse hypotesane på universitet og til media som sanning, samstundes som dei har jobba for å finne bevis på desse hypotesane. Problemet deira har vore at dei ikkje har klart å bevisa sine hypotesar. Dette vert kompenser ved å spreie informasjon om teorien slik at mange i dag heilt ukritisk sluker den rått som sanning utan å sjå kritisk på den.


 

Mange vitskapelige funn og teoriar peikar på at det er ca mellom 6000 og 13000 år sidan verdas start. Dei viser at det ikkje har vore ei jamn utvikling men derimot eit stort skilje rundt det tidsrommet der bibelen beskriv "syndfloden". Andre såkalla konstantar har også hatt ei kurve som har gått brått nedover for deretter å jamna seg ut, eksempelvis lysets hastigheit.


 

Kva med å anerkjenna at eit bibelsk trus grunnlag er vel så vitskapelig som eit ateistisk trus grunnlag, i alle fall om ein ser på funn med vitskapelege metodar?


 

Geir Martin Økland

Lærar student ved HSH

og leiar i Stord Kristne Studentlag